Sunnmøre tingrett har kome fram til at ein mann i 30-åra framleis kan vere i varetekt til politiet er ferdig med si etterforsking.

Det var i mars at mannen blei pågripen med 1,7 kilo amfetamin.

Politiet fann også 500 gram amfetamin og tilsvarande mengde hasj i den sikta sin sekk.

Retten har lagt vekt på saka sin alvorlege karakter, at det ikkje er fare for oversoning og at tiltalte samtykker til framleis fengsling.

Fengslinga har blitt forlenga fleire gonger, men saka er beramma for Søre Sunnmøre tingrett i september.