Det har ikkje vore dei heilt store sommartemperaturane dei siste dagane, på grunn av nordavêret. Men mot helga er det håp om meir sommarleg vêr på Sunnmøre og i Nordfjord, og det kan vere lurt å finne fram grillen tidleg på laurdag.

Meteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på Vestlandet har kika inn i ferske vêrdata for smp.no sine lesarar, og ser at det onsdag blir lite vind, skiftande bris med låge tåkeskyar i ytre strok av landsdelen.

– Det kan dukke opp ettermiddagsbyger i indre strok onsdag, men elles ganske bra vêr, seier Hassel.

Web-tv akkurat no: Slik er vêret i Ålesund

Eit nedbørsområde kjem inn over landsdelen vår natt til torsdag, frå vest. Dette har med seg regn, meir vind og opp i sørleg liten kuling mot kvelden, sterkast i sør rundt Stad. Her vert det og regn.

Onsdag og torsdag vil temperaturane liggje på mellom 16 og 18 grader.

Torsdag føremiddag går han over på sørvest og minkar av, med lettare vêr og regnbyger som resultat.

Laurdag føremiddag finast

– Kva med vêret framover i tid?

– Lenger fram vil vi få skiftande vêr, vinden vender imidlertid søraustlig og det vert lite nedbør. Særleg nord for Stad vil ein gå klar av mykje nedbør, seier meteorolog Frode Hassel til smp.no.

– Før eit nytt vêrskifte er venta inn laurdag ettermiddag, kan det bli heilt opp i 25 grader enkelte stader, særleg tidleg laurdag blir det fint på Nordvestlandet slik meldingane er no, sier Hassel.

Over helga att ser det ut til å bli makstemperaturar på 15-18 grader.

– Men det viktigaste no er at det blir slutt på nordavinden, som vil gi ein del betre temperatur, seier Hassel.

Følg smp.no på Facebook