– Dei som hamnar i denne situasjonen har ingen rettar. Når ein asylsøkjar får avslag på søknaden sin, har han tre veker på seg til å forlate landet. Om asylsøkjaren ikkje reiser frå Norge frivillig, vert han tvangsreturnert til heimlandet av norsk politi.

Vanskeleg

– Men det er vanskeleg å returnere iranske asylsøkjarar til Iran, fordi Norge ikkje har returavtale med landet. Dette gjeld også land som Eritrea og Etiopia, fortel Andre Eiksund, som er mottaksleiar på Volda statlege mottak.

Så om asylsøkjaren ikkje reiser frivillig, er alternativet ofte å verte sitjande i asylmottak.

Ingen rettar

– Det er nokre slike saker innimellom. Dei som er i denne situasjonen fell mellom to stolar, dei har ingen rettar. Dei kan ikkje jobbe, og får heller ikkje norskundervisning. Det dei får er litt under 2000 kroner i månaden til livsopphald, forklarer Eiksund.

I tillegg kjem kostnadane med å bu på asylmottaket. Ifølgje ein artikkel på Utanriksdirektoratet (UDI) sine sider frå januar i år, får 80 prosent av asylsøkjarar frå Iran avslag på søknaden sin.