– Vi kan forvente mykje påsketrafikk onsdag 5. april. Då er det lurt å reise heimanfrå grytidleg om morgonen eller seint på kvelden, seier skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen i forsikringsselskapet Fremtind i ei pressemelding.

I løpet av påskeveka legg mange nordmenn ut på vegen, anten for å dra på hytta eller besøkje familien. Fremtind har analysert køyredata frå nordmenns bilkøyring i påska 2020 og 2021. Ifølgje statistikken er det smart å unngå å reise onsdag morgon. I alle fall om ein vil unngå kø.

– På onsdag er det mykje trafikk allereie frå klokka 9, men det roar seg betrakteleg etter klokka 15, seier Hofstad-Nielsen.

Minst trafikk på langfredag

Kommersiell direktør Svein Skovly i bompengeselskapet Fremtind Service, som skriv ut autopass, stadfestar funna til Fremtind.

– Fredagen før påske og onsdag er påskeferiedagane kor norske bilistar passerer bomstasjonar klart flest gonger. Langfredag og påskeaftan er dagane med minst trafikk. Dei dagane er det under halvparten så mange bompasseringar som fredag før påske, seier Skovly.

Ladeappen for elbil, Elton, har samtidig delt sine data frå påsketrafikken i fjor. Dersom du køyrer elbil, er det nokre tidspunkt ein bør unngå dersom ein vil sleppe ladekø.

Onsdag før skjærtorsdag er presset på dei mest brukte lynladarane over dobbelt så høgt som på ein gjennomsnittsdag veka før, opplyser leiar i Elton, Jørgen Elton Nilsen, i ei pressemelding.

Bør revurdere taktikken

– Mange prøver å sleppe unna den verste trafikken ved å køyre på tysdagen, men i fjor var det 80 prosent høgare trafikk på dei mest brukte hurtigladarane denne tysdagen samanlikna med ein vanleg dag, seier Nilsen.

Om du er blant dei som avsluttar arbeidsdagen til lunsj tysdag for å sleppe unna trafikken onsdagen før heilagdagane, bør du revurdere taktikken, ifølgje Nilsen.

– Allereie klokka ti har ladetrafikken teke seg stort opp, og ein kan oppleve kø på dei mest populære ladestasjonane. Mellom klokka fire og seks toppar det seg. Eg har samtidig full forståing for at folk med yngre barn vil komme av garde før det blir for seint, men du kan spare nokre timar i bilen ved ei sein avreise. Alternativet er å køyre tidleg skjærtorsdag, opplyser han.

(©NPK)