– Dei tre siste åra har dei kommunalt tilsette tapt terreng mot privat sektor. Det går ikkje lenger. I år må dei tilsette i kommunane sikrast eit skikkeleg lønnsløft. Det kan ikkje vere sånn at tilsette i privat sektor dreg frå år etter år. Det aukar forskjellen i samfunnet, og undergrev frontfagsmodellen, som er den norske måten å forhandle lønn på, seier Peggy Hessen Følsvik til VG.

I Noreg er det frontfaget som legg rammene som legg rammene for lønnsoppgjera.

LO-leiaren viser til at tilsette i frontfaget i 2020 fekk ein lønnsauke på 2,2 prosent, medan kommunetilsette fekk 1,7 prosent. I 2021 fekk frontfaget 3,1 prosent, medan kommunane fekk 2,6 prosent.

Tala for 2022 er ikkje klare endå, men Følsvik viser til at ferske lønnstal frå Statistisk sentralbyrå viste at lønnsveksten innan helse- og sosialteneste var 3,6 prosent.

– Mykje tyder på at dei igjen er blant taparane, seier LO-leiaren.

(©NPK)