– Mange trur at hamnespy er ein plante, men det er eigentleg eit lite dyr. Det er små sjøpungar som sit tett i tett inni ei kappe og lever som i ein koloni. Dei produserer larvar som dei slepper ut på våren og sommaren – som då kan feste seg på båtar. Dei spreier seg så ved at bitar av kolonien fell av – for eksempel om noko ristar i den eller den dryp ned frå eit fartøy. Då blir mange småbitar spreidde på havbotnen og dannar nye koloniar, forklarar havforskar Vivian Husa ved Havforskingsinstituttet (HI) til Nynorsk pressekontor.

Hamnespy blei først oppdaga i Noreg då det blei funne ved Engøy i Stavanger i desember 2020. Foto: Rudolf Svensen / Havforskingsinstituttet

Ein fare for økosystemet

Hamnespy dannar så tette matter på sjøbotnen at veldig få andre artar kan leve i område der sjøpungen har etablert seg.

– Den veks også på tare og dannar koloniar oppover stilken og blada. Då hindrar den fotosyntesen til taren. Den kan også påverke ålegras og fiskebankar, seier Husa.

Ho trekker fram eksempel frå Canada kor ein har sett hamnespy legge under seg store sandbankar ved fiskefelt.

– Der har den påverka dyrelivet på havbotnen, noko som igjen har fått følgjer for fiskebestandane.

Vitskapskomiteen for mat og miljø har komme med ein rapport der dei peikar på at det er høg risiko for at hamnespy vil ha negative effektar på ulike naturtypar i havet.

– Mange trur at hamnespy er ein plante, men det er eigentleg eit lite dyr, seier Vivian Husa. Her har ho plukka den meir elska arten blåskjel. Foto: Stine Hommedal/ Havforskingsinstituttet

Inga løysing

Framleis har ein ikkje funne noka god løysing for å få bukt med hamnespy-problematikken.

– Vi jobbar med det. Vi testar ulike stoff, men vi kan ikkje dra nokon konklusjonar enno. Alt blir vanskelegare å administrere i sjøen. Det er lett å ta knekken på hamnespy på laboratoriet, men det blir langt meir komplisert i sjøen, seier Husa.

Forskarane trur no ikkje dei vil klare å utrydde arten.

– Så mykje som det er mange stadar gjer det vanskeleg, men det kan vere at det nyttar å behandle dei kaiene der det er mest for å dempe spreiinga litt.

Hamnespy har òg økonomiske konsekvensar for skipsindustrien.

– Folk har ikkje lyst å legge skipa i opplag i hamner med mykje hamnespy, og cruisebåtar kan òg vere skeptiske til å legge til kai viss det er mykje hamnespy i området. Det er veldig kostbart å reingjere fartøy som har mykje hamnespy på seg, for det kan vere eit krav frå miljøforvaltinga om at ein skal samle opp alt ein børstar av, fortel havforskaren.

Håpar naturen slår tilbake

Vivian Husa fortel at det er vanskeleg å føresjå korleis utviklinga vil bli framover, men stadig nye hamner får påvist arten.

– Men vi ser òg at han ikkje spreier seg så veldig raskt lokalt når han har etablert seg. Larvane rekk ikkje så langt før dei slår seg ned på havbotnen. Så vi ventar langsam lokalspreiing, men kanskje raskare spreiing med fartøy. Det er vanskeleg å vite sikkert, seier forskaren.

Ho håpar likevel at ikkje heile norskekysten blir like ille ramma som området ved Haugesund er no.

– Kanskje vil kråkebollar og sjøstjerner etter kvart ta seg av delar av problemet slik at ein avgrensar dei store tette mattene. Vi håpar at naturen skal slå tilbake og nedkjempe arten.

Fakta:

* Hamnespy er ein sjøpung-art som høyrer naturleg til i Japan.

* Første gong oppdaga i Noreg i desember 2020 då dykkarar fann arten ved Engøy i Stavanger.

* Koloniane toler frå minus 2 til 24 plussgrader og vil i prinsippet kunne etablere seg overalt langs norskekysten.

* Utviklar ikkje larvar før det er 11–14 grader i vatnet. Det betyr at arten sannsynlegvis ikkje greier å spreie seg med larvar nord i Noreg.

(©NPK)