Som Sunnmørsposten tidlegare har meldt søkte Møre og Romsdal fylkeskommune om utsett frist til å uttale seg om områdeplanen på Sulafjellet, altså der Flakk Gruppen ønsker å bygge ei gondolbane.

I lys av dette har Sula kommune no bestemt seg for at alle får utsett frist til 10. november, skriv dei på nettsida si.

Dette er den såkalla andregongs offentlege høyringa i saka.

I den første runden kom blant andre fylkeskommunen og Statsforvaltaren med nokre kritiske merknader. Men det er høve for kven som helst til å sende inn innspel.

Den sjansen har mange nytta.

Sidan starten av oktober og fram til fredag 3. november har Sula kommune journalført 55 innkomne skriv i saka.

Statsforvaltaren er ikkje blant dei som har sendt inn innspel så langt, men det har blant andre NVE gjort.

– Når høyringsfristen er ute, vil administrasjonen i kommunen gå igjennom alle innspel, og sjå om dei er belyst i planforslaget. Administrasjonen skriv så eit forslag til innstilling i saka. Den blir så sendt til politisk behandling, det er dei politiske organa som bestemmer kva som skal skje med planen vidare, skriv Sula kommune på si nettside.

Prosjektleiar Terje Devold har tidlegare uttala til Sunnmørsposten at prosjektet i beste fall kan bli vedtatt før jul. Og bygginga kan starte i april.

Spørsmålet no er om den utsette fristen i høyringsrunden gjer det vanskeleg å rekke å behandle saka før jul.