– Han målar ofte dei himlane vi har her på Flø, seier Hugo Opdal om Ørnulf Opdahl.

Og det er kanskje ikkje rart når målaren sit på naboøya til galleriet.

Havlys

Utstillinga heiter nettopp «havlys», og Hugo Opdal seier han er spent på kva som skjer med veggene i galleriet når naturen ute blir flytta inn.

I det store rommet skal det gjerast plass til fire, fem nye måleri i olje og tempera på 1,70 x 1,70 meter. Elles skal det også stillast ut nye monotypiar, unike trykk teikna på koparplate, og fleire etsingar.

Eksklusivt

– Så dette blir eksklusivt og gode saker, lovar galleristen.

Hugo gler seg til opninga søndag 19. september. Og har gjort det lenge.

– Åh, ja, dette har eg venta på. Det er eit par år sidan Opdahl vart booka inn hos Opdal.

Lang prosess

– Når ein jobbar med store kunstnarar er det ein lang prosess. Dei er opptekne andre stader, og skal også lage nye ting. Eg har booka folk til 2012.

Men no er Ørnulf Opdahl-måleria på veg opp på veggene på Flø.

– Og dette trur eg skal gå bra, seier Hugo Opdal.

I forkant av utstillinga er det teke hol i golvet på galleriet slik at folk kan gå tørrskodde mellom Moods-butikken i kjellaren og galleriet i hovudetasjen.

Storinnrykk

Og no håper han på storinnrykk:

– Det er vel nødvendigvis slik at det er fleire som liker Ørnulf Opdahl enn Damien Hirst. Eg trur folk liker å kjenne seg litt igjen. Og der er Ørnulf Opdahl verkeleg god, meiner Hugo Opdal.