Det var ytre strøk som fekk ta den verste støyten av uværet som ramma Nordvestlandet fredag ettermiddag og kveld. Særleg i Herøy er det i løpet av kvelden meldt om ein rekke skader.
Fem personar måtte evakuerast etter at taket blåste av ein firemannsbustad i Fosnavåg. Desse fekk bistand frå kommunen og har fått hus for natta, opplyser politiet på Sunnmøre.
Livestudio: Les vår direkterapport frå uveretFå oversikt: Desse vegene og ferjerutene er stengt
Målt vind på orkan styrke
Også fleire naust og garasjar i kystkommunen fekk hardt medfart - og fleire bygg blei rett og slett reve laus av dei voldsame kreftene og flytta fleire meter.
– Her får vi ikkje oversikt på omfanget før det lysnar men inntrykket er at det er mest skade ut mot kysten, opplyser operasjonssentralen i Ålesund.
Den kraftigaste vinden blei målt frå 18-tida og utover, og på Svinøya blei det målt middelvind opp i orkan styrke - og vindkast på kring 180 kilometer i timen - på det kraftigaste.
Les sak og sjå video: Nå treffer den verste vindenLes også: «Tor» med rekordkraftig vind ved Stad
Garasjer og løer tok laust
Smp.no har registrert at garasjar både i Fosnavåg sentrum, ved Flusund og ved Bergslia i Herøy er teke av vinden. Både i Fosnavåg og Leinøy er det meldt at løer er teke av vinden, og i Tjørvåg er eit naust lagt flatt av uveret.
I bygda Flø i Ulstein tok vinden taket på eit naust, pluss at ein garasje måtte gi tapt for stormen. I tillegg er delar av eit tak blåst på ein butikk i Volda - og her gjorde takplater skade.
Les også: Lause takplater gjorde skadeLes også: Supplybåt sleit seg i Brattvåg
Lause gjenstandar
– I Ålesund har det meste som er meldt vore knytt til hustak som har fått skader, lause gjenstandar som kan vere til skade og garasjar som har fått skader. Fyrste meldinga vi fekk i ettermiddag var lause takplater på fotballstadion i byen, heiter det i oppsummeringa frå politiet.
I Skarbøvik har vinden øydelagt ein plasthall - og det samme skal ha skjedd i Haugsbygda i Gursken.
Smp.no har også registrert at eit naust i Borgundfjordvegen i Ålesund er blåst til pinneved, i tillegg til at eit garasjeanlegg ved Moa fekk taket flerra av.
Les sak og sjå video: Tak fra garasjeanlegg løsna Sjå video: Folk søkte dekning i Ålesund
Tre over vegen
Politiet har også fått ein rekkje meldingar om skader som tre har gjort skader ved å sperre vegar og kraftnett.
– Her arbeider vegvesenet, kommunane og kraftselskapa med situasjonane som har oppstått, opplyser politiet.