Farmhouse og nordfjordingen Torgeir Stige vann fredag gull i designkonkurransen Visuelt. Prisen, som vart delt ut på Folketeateret i Oslo, fekk dei for utsmykkinga av Stryn vidaregåande skule.

I si grunngjeving jubla juryen for "ypperlig bruk av illustrasjon i så stor skala! Utsmykningen er tilsynelatende enkel, men blir mer og mer kompleks jo mer man ser. Dette er et prosjekt man sent blir lei og gjerne ser hver storefri."

Utradisjonelle illustrasjonar

To illustrasjonar er montert på relieff ved kantina til skulen, slik at kvar illustrasjon er synleg frå kvar sin vinkel.

"I staden for den tradisjonelle måten å skape denne effekten på, med mange tosidige søyler montert horisontalt vart det utforma eit meir fragmentert relieff, for å gje ein glidande overgang mellom dei to illustrasjonane", seier Farmhouse sjølv om arbeidet.

Illustrasjonane er laga av Torgeir Stige frå Sandane. Farmhouse er eigd av Moods of Norway, Gro Flølo, Kunnskapsparken Sogn & Fjordane og Stryn Næringshage.

Film om Norangsdalen

I kategorien "Moving Image" fekk Kristian Pedersen gull, for poesifilmen Norangsdalen. Filmen er eit levande visuelt uttrykk av poeten Erlend O. Nødtvedt sin tekst om Norangsdalen, eitt av dei trongaste dalføra i Norge.

- Eg har i filmen forsøkt å unngå å utfordre tolmoda til sjåaren i forhold lengde, i håp om at andre ønskjer å sjå filmen ferdig, dele han vidare eller sjå han fleire gonger", seier prisvinnaren.

Ny dimensjon

Juryen meiner mellom anna at animasjonen til Pedersen gir teksten ein ny dimensjon.

"Filmen åpner opp for betrakterens egne bilder. Utøveren gjør visuell poesi sammen med forfatteren, og balanser et imponerende samspill med både innholdet i teksten, og fremførelsen av den. Et arbeid i en klasse for seg", står det i grunngjevinga.

Gull og stipend

Studenten Signe-Lill Valkvæ frå Ramsvika fekk gull og stipend i klassen for illustrasjon/studentarbeid.

Valkvæ, som studerer ved Designskolen Kolding i Danmark, har illustrert dikt for Dorotheé Billard og Ken Denning. Ifølge juryen stikk arbeidet seg ut "med en sterk og særegen stemme. Juryen lot seg forføre av et uttrykk som er modig og ikke nøler, og er spent på å se hvor utøveren vil gå videre".

Alle vinnararbeida er lagt ut på www.visuelt.org/vinnere.

Foto: Jan Erik Svendsen / Grafill