Dette melder Møre og Romsdal fylke i ei pressemelding tirsdag.

Det var den 14.november at Regional- og næringsutvalet delte ut ein million kroner til møbel- og interiørklynga Norwegian Rooms. Støtta skal brukast til innovasjon og nytenking for møbelnæringa.

– Møbelnæringa er viktig for Møre og Romsdal, og ved å støtte klynga ønskjer vi å medverke til ein livskraftig ferdigvareindustri som supplement til den elles råvarebaserte industrien, seier regional- og næringssjef, Bergljot Landstad, i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Betyr mykje

– Dette er ei kjempeviktig tildeling for oss. Den betyr at vi kan realisere møteplassar innan produktutvikling og produksjonsprosessar, og det vil gjere at små- og mellomstore bedrifter kan ta viktige steg innan digitalisering, seier Oddbjørn Hatløy, dagleg leiar i Norwegian Rooms.

Han legg til at denne tildelinga kjem på toppen av ei tildeling på 2,8 millionar kroner frå Innovasjon Norge.

– Til saman gjer dette at vi kan realisere tre viktige møteplassar for klynga. Pengane frå Innovasjon Norge går til den såkalla Branding Innovation Lab, medan vi med midlane frå fylket no kan realisere Product Innovation Lab og Manufacturing Innovation Lab.

Vinn-vinn for regionen

Tildelinga frå fylket er med andre ord særleg retta mot produkt- og materialinnovasjon og produksjonsprosessar og logistikk. Norwegian Rooms vil samarbeide med mellom andre NTNU og Høgskolen i Molde og iKuben for å etablere og utvikle kompetansenettverka Product Innovation Lab og Manufacturing Innovation Lab.

Tildelinga er i tråd med den ferske Forskings- og innovasjonsstrategien for Møre og Romsdal, der styrking av klyngene er ein av strategiane.

Viktige klynger

– Fylkeskommunen ser på næringsklyngene som viktige for å løfte innovasjonsarbeidet i bedriftene, seier Landstad.

– Klyngene gjennomfører tiltak som enkeltbedrifter ikkje har høve til å gjennomføre aleine. Klyngene kan vere eit godt verktøy for å utvikle og anvende relevant kunnskap, seier regional- og næringssjefen i pressemeldinga som er sendt ut.

Sterk i regionen

Norwegian Rooms har eit nasjonalt nedslagsfelt, men har sterk regional tilknyting til Møre og Romsdal. Over 40 prosent av alle årsverk i norsk møbelindustri er i Møre og Romsdal. Klyngeadministrasjonen ligg i Ålesund kunnskapspark. Det er møbelnæringa som utgjer tyngda i klynga, og toneangivande bedrifter som Slettvoll, Ekornes, Brunstad og Wonderland har vore med sidan starten.

– Møbelnæringa er viktig for Møre og Romsdal, slår Bergljot Landstad, regional- og næringslivssjef i Møre og Romsdal, fast.