Ordførar Sven Flo (H) gjer eit kjempeval. Aukar oppslutninga med over sju prosent og endar med ei oppsltning på knappe førti prosent. Dette gir ti mandat i kommunestyret. Det skal mykje til om det skal bli noko anna enn attval for ordføraren.

Høgre gjorde i 2011 sitt beste val i Stryn nokon gong. Og sitjande ordførar Sven Flo vil gjerne ha fire nye år i den politiske topposisjonen. Flo har vore ein profilert ambassadør for kommunen, og veljarane vil også hugse at E39 blei lagt gjennom kommunen med Høgre i regjering.

Største utfordraren er nok likevel Per Kjøllesdal frå Senterpartiet, partiet som hadde ordførarmakt i fleire år på 1990-talet.

Før Høgre tok over ved sist val, sat Nils P. Støyva som ordførar for Arbeidarpartiet i tolv år. I år er det Pål Vonheim som er partiet sin ordførarkandidat.