Den franske banken Natixis har analysert tryggleik og leveforhold for pensjonistar i 44 land. Etter fire år på tredjeplass klatrar Noreg heilt til topps i 2022-rapporten, skriv Aftenposten.

Rapporten undersøkjer ei rekkje forhold innanfor fire hovudområde: helse, økonomisk tryggleik, livskvalitet og materiell velstand. Noreg er inne på topp ti på alle desse hovudområda. Når dei blir sette saman, er Noreg heilt på topp.

Jan Davidsen, leiar i Pensjonistforbundet, understrekar at det er resultatet av hardt arbeid.

– I Noreg har vi jobba aktivt for å tryggje den tida etter ein går ut frå arbeidslivet. Det kjem av at vi har hatt eit godt organisert arbeidsliv, seier han til Aftenposten.

Betra økonomi for pensjonistar som løftar Noreg opp frå tredje plass i fjor til første plass i år. Noreg har små økonomiske forskjellar og låg arbeidsløyse. Vi skårar høgt på miljø og buforhold og på helse ligg Noreg på topp. Noreg gjer det litt dårlegare på lykkeindeksen enn i fjor. Dermed hamnar vi under Finland, Danmark og Sverige i livskvalitet for pensjonistar.

Etter Noreg følgjer Sveits, med Island på tredjeplass totalt. Vêr og klima er ikkje med i vurderinga.

(©NPK)