– 28 kommunar står att som ubesøkt offisielt før fylkesturen, opplyser assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen ved Slottet i ein e-post til NTB.

I fleire år har kongen samla på offisielle kommunebesøk, og lista over ubesøkte kommunar krympar stadig vekk.

Denne veka skal kongen og dronninga på fylkestur til Møre og Romsdal. Dei besøkjer Fjord kommune, Sykkylven kommune, Vanylven kommune, Sande kommune og Hareid kommune.

Tre av dei har kongen aldri besøkt offisielt før, og han kan dermed stryke dei frå lista si. Dermed står berre att 25 ubesøkte kommunar etter turen.

Lista halvert

Slottet går ikkje ut med lista over dei kommunane som er att, men ei oversikt VG laga i 2017 viste at kongen hadde ubesøkte kommunar spreidd over heile landet.

Den gong hadde kongen 61 kommunar igjen. Dei fem åra som har gått sidan den gong, har vi hatt ein lang periode med pandemi og lite kongeleg reiseaktivitet, men likevel har kongen klart å kvittere ut over halvparten av kommunane på lista.

Noreg har rett nok gått gjennom ei kommunereform sidan den gong, med ei rekkje samanslåingar. Totalt er talet på kommunar krympa frå 426 til 356. Ifølgje Gjeruldsen på Slottet har reforma i lita grad påverka kommune-samlinga til kongen.

Éin av kommunane kongen besøkjer neste veke, Fjord kommune, er resultat av at Norddal og Stordal vart slått saman i 2020 – og dermed slår han to fluger ein smekk.

Folkefest og dinnershow

Den tre dagar lange fylkesturen til kongeparet startar i Fjord kommune tysdag. Der blir det folkefest på det nye Syltetorget i jordbærbygda Valldal.

Same dag er kongeparet også innom møbelbygda Sykkylven, der dei besøkjer festplassen ved kyrkja i sentrum.

Kongeparet reiser rundt i kongeskipet Norge på turen, og neste dag legg skipet til kai i Vanylven kommune. Der får kongeparet helse på innbyggjarar og sjå Sankt Jetmund-kyrkja. Seinare på dagen dreg dei vidare til Sande kommune der dei får oppleve kulturinnslag, eit lokalhistorisk spel og eit «dinnershow» på landsbyhuset Breidablikk.

På siste dag av fylkesbesøket legg kongeskipet til kai i Hareid. Der står mellom anna eit besøk på Ishavsmuseet på programmet.

(©NPK)