Rema 1000 har nyleg lansert ein ny priskutt-kampanje som har vekt reaksjonar, der dei reklamerer for å ha kutta prisen på 200 varer. Fleire av kutta er likevel på berre 10, 20 og 30 øre.

Overfor TV 2 vil ikkje Forbrukartilsynet kommentere den konkrete priskutt-kampanjen frå Rema 1000, men underdirektør i Forbrukartilsynets tilsynsavdeling Marit Evensen seier dette på generelt grunnlag:

– Regelverket oppstiller i utgangspunktet ingen krav til storleiken på prisnedslaget. Men etter ei konkret vurdering kan det likevel reknast som villeiande etter marknadsføringslova dersom næringsdrivande annonserer ein prisreduksjon, som i realiteten viser å vere ubetydeleg, skriv ho til kanalen.

Rema 1000 forsvarer kampanjen overfor same kanal.

– Etter vi gjekk ut av prisvindauga forhandlar vi kontinuerleg med leverandørane våre, og når vi får lågare prisar inn så tek vi dei rett ut til kundane, anten det er eitt kutt på 19 prosent eller 0,1 prosent, seier sals- og marknadsdirektør Pia Mellbye i butikkjeda.

Ho viser til at kjeda er transparente om både førpris og nåpris for alle priskutta i kampanjen, slik dei er pålagde å gjere gjennom nye reglar om førprisar.

(©NPK)