– Mange har meiningar om gratis skulemat; at det skal betra kosthaldet, læringa og jamna ut sosiale ulikskapar. Men me veit ikkje om det stemmer, seier forskar i FHI og leiar for senter for evaluering av folkehelsetiltak Arnfinn Helleve til NRK.

Gratis skulemat har blitt debattert i mange år. Men i Noreg er det ikkje gjort nokon større forskingsprosjekt på det. Forsking frå andre land viser at elevar får eit betre kosthald, læring og deltaking.

– Me har ikkje dei store studiane som eintydig slår fast at det å gje gratis mat dagleg har den effekten mange ynskjer, seier Helleve.

Professor ved Universitetet i Agder Frøydis Nordgård Vik har forska på skulemat i Agder fylke og fann ut at eit gratis brødmåltid betra kosthaldet til elevane som deltok. Ho meiner òg at meir forsking over tid vil vera nyttig.

(©NPK)