Ifølgje Spesialeiningas årsrapportar vart 64 prosent av sakene dei fekk inn 2022, ikkje etterforska. Andelen bortleggingar har ikkje vore så høg på 15 år.

– Tala er alvorlege. Vi er heilt avhengig av at Spesialeininga verkar, og at han avdekkjer ulike former for ukultur, seier jussprofessor Mads Andenæs ved Universitetet i Oslo til P4-nyheitene.

Spesialeininga vart oppretta i januar 2005 og har som oppgåve å etterforske saker der det er spørsmål om tilsette i politiet eller påtalemakta har gjort seg skuldig i ei straffbar handling i tenesta.

I 2022 fekk Spesialeininga 877 meldingar. Det er færre meldingar enn dei pleier å få inn.

– Det kan jo hende det ikkje var grunnlag for å melde inn så mange saker, og at talet på saker har falle drastisk, men det er ikkje heilt realistisk. Dette er problematisk i den forstand at det kan tyde på at tilliten til Spesialeininga er fallande, legg Andenæs til.

Første nestleiar i justiskomiteen på Stortinget, Maria Aasen-Svensrud, seier til kanalen at ein stor del av sakene som kjem inn til Spesialeininga, blir lagd bort, fordi politiet ikkje har brote nokon lover.

(©NPK)