Tre menn frå Litauen har siste dagane møtt i Frostating lagmannsrett, etter anke av dommane frå Søre Sunnmøre tingrett. Dei tre er tiltalt for å ha valdteke ei kvinne i ein skog på søre Sunnmøre i fjor sommar. Onsdag tok saka ei uventa vending, som skuldast utfordringar med språket.

– Saka er utsett i påvente av at ein får omsett og kvalitetssikra eit politiavhøyr, seier statsadvokat Magne Nyborg som er aktor i saka.

Nesten ferdige

Ankesaka starta i lagmannsretten 4. juni. Det var sett av sju dagar, men den sjette dagen kom spørsmålet om kvaliteten på tolkinga opp. Då stod berre eit sakkunnig vitne, synfaring og prosedyrar igjen.

I lagmannsretten blei det lese opp litt frå politiforklaringa til hovudtiltalte. Tolkane i rettssaka meinte det ikkje var god nok kvalitet på tolkinga i avhøyret.

Saka held no fram i veke 35, som er siste veka i august.

– Vi held fram der vi slapp, seier Nyborg og legg til at veke 35 var første veke der alle partane har høve til å møte igjen.

Ifølgje Nyborg står saka i lagmannsretten i same posisjon som i tingretten.

– Eg vil ikkje førehandsprosedere, men i sum er det ikkje vesentleg forskjell i forhold til tingretten, seier han.

Fem år fengsel

39-åringen som blei dømd for å ha valdteke kvinna, nektar straffskuld og anka dommen. Han har vore varetektsfengsla sidan han blei arrestert i juli i fjor. I tingretten blei han dømd til fem år i fengsel.

Dei to andre var også fengsla, men blei sette fri og kunne reise heim etter dom i tingretten i januar. Dei blei begge frifunne for valdtekt, men den eine (21) blei dømd for ei seksuell handling mot kvinna. Statsadvokaten anka og dei to mennene måtte kome tilbake frå Litauen og møte i retten på nytt.

Belastning å vente

Advokat Axel Lange forsvarer den 24 år gamle mannen som blei blankt frifunnen i tingretten:

– Min klient skulle gjerne sett saka ferdigbehandla utan utsetjing. Han har møtt heilt frivillig for lagmannsretten etter frifinnande dom i tingretten, og han opplever naturlegvis ventetida på utfallet av lagmannsretten si behandling som ei stor belastning, seier Lange som likevel meiner det er viktig at sak er så opplyst som mogleg.