– Det var ei kraftig kule som kom. Det var ei skremmande oppleving for oss alle, men det gjekk heldigvis bra, med sjåføren intakt, og det er det viktigaste. Også heile bilen er intakt, fortel ein kollega av sjåføren til smp.no.

For då vogntoget nesten hadde kome over den 30 meter høge Herøybrua torsdag ettermiddag, tok vinden tak i hengaren og vippa den opp mot rekkverket.

Politiet fortel at dei fekk ein telefon frå sjåføren.

– Det var ei hending tidlegare i dag med ein lastebil, der hengaren vart tatt av vinden og vippa opp, seier operasjonsleiar Arild Reite i Sunnmøre politidistrikt til smp.no

– Hengaren kom bort i ein lyktestolpe, før hengaren vippa ned att på vegen, fortel Reite. – Hengaren var tom. Den tippa ned att på vegen. Og bilen kunne berre køyre vidare, seier Reite. Så langt politiet veit vart det berre skade på ein lyktestolpe.

Sjå oppdatert vêrvarsel (Yr.no)

Ein bilist som kom like bak syns det såg litt dramatisk ut.

– Hengaren stod og bevega seg, det såg litt dramatisk ut, fortel bilisten.

Torsdag ettermiddag var det også ver-trøbbel på Strandafjellet, der eit vogntog hadde problem med å kome seg opp.

Full storm

– Ved å redusere farta, kan ein også redusere faren for at sånt skjer, seier kollegaen av sjåføren til smp.no.

Langs kysten bles det no liten storm frå sørveset. Ifølgje yr.no vil vêret roe seg i kveld.

For Ona fyr var det meldt full storm 26 meter i sekundet tidleg i ettermiddag. For Runde fyr er det meldt liten storm 22 meter i sekundet i ettermiddag.

Gjer som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook.