Til politiet har kvinna fortalt at ho hadde lagt seg. Så høyrde ho det byrja å buldre i fjellet.

- Eg høyrde raset kome, og sprang ned i kjellaren, har kvinna fortalt til politiet.

Lensmann Guttorm Hagen i Ørsta var på rasstaden i formiddag.

- Ho hadde tilgang på lommelykt og mobiltelefon. Så ho fekk varsla politiet frå kjellaren. Vi rykkte ut og fekk henne ut av kjellaren. Deretter vart ho tatt vare på av familien, seier lensmann Guttorm Hagen.

Naturkatastrofe

Raset gjekk ved midnatt. Det starta i om lag 800 meters høgde og har sopt med seg store mengder jord og tre frå fjellsida. Nokre stader er det reinska helt ned på fjellet, og det har gått rett gjennom eit stort granfelt. Når massene har kome ned på markane har raset spreidd seg i eit par hundre meters breidde.

- Det er uvanleg med slike skred så nært bustader. Dette er ei stor naturkatastrofe, seier Guttorm Hagen.

Huset til den 71 år gamle kvinna er totalskadd. Øvste veggen er trykt inn, og det har kome jord og vatn inn gjennom første etasje. Raset nådde også eitt av nabohusa, men gjorde ikkje større skader. Derimot har minst tre bilar fått skader, samt fleire mindre bygningar.

- Det har vore store nedbørsmengder, kombinert med snø smelting, seier lensmann Guttorm Hagen.

Rundt 35 personar vart evakuerte i natt, og det er uklart når dei får flytte tilbake. I ettermiddag skulle ein geolog sjekke forholda for å vurdere faren for nye ras.

Det har også gått eit ras eit par kilometer lenger framme i dalen - på garden Myklebust. Her gjekk det og eit jordras for to år sidan. Det spesielle med rasa er at dei har gått på stadar der folk ikkje har trudd det var særleg rasfare.

- Eg hadde aldri kunne forstilt meg at noko slik kunne skje, seier Ottar Kvien, som bur på Kvien, fremst i dalen. Faren hans, Leiv, og også skremd over naturkreftene.

- Eg har aldri før sett Vartdalselva så stor som i går, seier Leiv Kvien.

Les flere nyheter her.

foto
Lensmann Guttorm Hagen i Ørsta ved rasstaden laurdag. Foto: Svein Aam