– Ja, torsdag kveld tek vi i bruk rundkøyringa. Då tek vi bort lysreguleringa, og lar trafikken flyte på noko lunde normalt vis, seier prosjektleiar Andreas Bergby i Statens vegvesen til smp.no.

Fartsgrensa blir samtidig heva til 50 kilometer i timen forbi byggearbeidet.

– Det er ikkje nødvendig med fartgrense på 30 km/t lenger. Men det vil framleis blir arbeid på staden. Vi vil nok halde på til ut i oktober, seier Bergby.

Garneskrysset knyter saman kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta og Volda på søre Sunnmøre.

Arbeidet med å bygge rundkøyring og ny bussterminal ved trafikknytepunktet i Ulstein på Søre Sunnmøre har heldt på sidan hausten 2013.

Arbeid utanfor vegbanen

Bussterminalen skal vere klar til bruk til skulestart førstkomande måndag. Etter det gjenstår mellom anna fullføringa av gang- og sykkelvegen og å legge det øvste laget med asfalt. I tillegg gjenstår ein del mindre oppgåver, som til dømes bygging av støyskjermar.

Slik skal Garneskrysset sjå ut når det er ferdig. Foto: Statens vegvesen

– Men det blir ikkje fleire store trafikkomleggingar. Arbeidet vil foregå utanfor vegbanen. Det blir kanskje litt kortvarig regulering av trafikken, men ikkje slik som det har vore.

Køproblem

Bergby vedgår at det har vore utfordrande å få trafikken til å flyte dei siste vekene.

– I sommarferien fungerte lysreguleringa fint. Før ferien brukte vi i stor grad manuell dirigering, som også fungerte greitt. Men no etter ferien har vi hatt ein del køar, seier han og legg til:

– Ein del folk har køyrt på raudt lys. Desse trafikklysa er ganske intelligente, men når folk bryt reglane blir dei forvirra. Men frå torsdag kveld betrar det seg.