Pyroteknikar Kenneth Hurlen frå Engelsrud Fyrverkerifabrikk og hans hjelpar Bård RosvollMyrstad har laga til ei mengd kruttladingar som skal skytast opp ved overgangen til det nye året.

Showet, som består av "kanonar" med  gamal munnladningsteknikk og vert fjernstyrt frå utanfor det avsperra tryggingsområdet, finn stad på Glomset i Skodje.

Fellespott

– Fyverkeriet går 180meter opp i lufta natt til onsdag, fortel arrangørane.

Opplegget er eit fellesprosjekt arrangørane kjøper inn og monterer opp mot at deltakarane betaler inn ein viss sum på førehand. Målet er at heller enn at mange fyrer opp mindre fyrverkeri, vert det lagd nokre kroner i fellespotten for eit så storslagent fyrverkeri som muleg.

Kontoen tilhøyrer Glomset IL.

Godt sikra

Kanonane er hardplast avløprsrøyr som er sikra inne i solidetrerammer.

– Her skal ikkje vere nokon lause kanoner på Glomsetkaia, vert det forsikra om.

Deikraftigaste fyrverkeria veg fire kilo, og kanonløpa er 20 centimeter i diameter.

Tradisjon

Fyrverkeriet på Glomset er vorte tradisjon. Her kan du sjå video av kjempesmellane for eitt år sidan.

Det er venta mykje folk til Glomset nyttårsnatta, og det er sett avområde både til å parkere og å sjå.

Fyrverkeriet er lett å sjå frå Vaksvika og ferjekaia på Aursnes.