– Lovfesting av tilskotsordninga vil gi auka stabilitet i rammevilkåra for næringa. Eg er derfor glad for at regjeringa følgjer opp lovnaden sin om å gjennomføre dette, seier stortingsrepresentant Oskar Grimstad i Framstegspartiet til smp.no.

Talet på sjøfolk som er omfatta av ordninga har vore relativt stabilt dei siste åra.  I 2015 var omtrent 11 900.sjøfolk inkluderte i ordninga, fordelte på om lag 120 reiarlag, i følge Grimstad.

foto
Stortingsrepresentent Oskar Grimstad (Frp) Foto: Knut Arne Aarset

Det er venta at utbetalingane i 2016 vil utgjere 1.850 millionar kroner.

– Ei god tilskotsordning er ein føresetnad for å sikre norsk maritim kompetanse, rekruttering av norske arbeidstakarar til sjøs og at reiarlaga har konkurransedyktige rammevilkår, seier Grimstad

Hevar taket

Taket for nettolønsordninga vert heva frå 208.000 i år, til 212.000 neste år.

– Vi byrjar med denne auken. Vi dreg med oss eit etterslep frå den førre regjeringa, så her er det ein del å ta att, seier Oskar Grimstad, som sit i Næringskomiteen i Stortinget.