Direktør Katrin Blomvik i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er nominert til miljøpris frå Nordisk råd, melder Sunnmøringen.

Nordisk råds natur- og miljøpris har vorte delt ut kvart år sidan 1995, og i år er eit 30-tals personer, organisasjonar og bedrifter nominert.

– Det følast litt rart og litt uverkeleg ut. Det er ei veldig ære å bli nominert til denne prisen, men òg overraskande, seier Blomvik til avisa.

Les også: Kom med milliongåve til verdsarvenSe video: Her er statsråden på el-skutertur

Verdsarvdirektøren meiner likevel at det like gjerne kunne stått Grøn Fjord 2020 på nominasjonslista. Ho meiner det «kjempegjevt» at prosjektet no vert forbunde med prisen.

Sjå heile lista over dei nominerte

heimesidene til Nordisk Råd heiter det at prisen delast ut til ein «som på forbilledlig vis har lykkes med å integrere respekten for natur og miljø i sin virksomhet eller gjerning, eller som på annet vis har gjort en ekstraordinær innsats for naturen og miljøet.»

Vinnaren vert annonsert 12. juni, og prisen delast ut i haust.