No skal den tre meter lange tannkvalen gjerast klar for miljøsenteret på Runde.
– Der skal han stillast ut som ein kuriositet i ei større zoologisk utstilling, fortel samfunnsvitar og biolog Michael Hundeide til smp.no.
Søkte fuglar, fann kval
Det var han som saman med kameraten Elias Ryberg rapporterte funnet av arrdelfinen i fjøra på Runde 23. mars. Dei var på fugleøya for å ta opp fuglelydar då nokre turgåarar tipsa dei om kadaveret.
– Dei trudde det var ein sel, men vi såg raskt at det var ein kval. Eg syntest han var rar og tok nokre bilete for å finne ut kva det var for ein, fortel Hundeide.
Han sendte bileta til zoologisk museum for å få bekrefta at det var ein arrdelfin. Denne mellomstore delfinen, som tidlegare heitte rissodelfin, trivst best i tropiske og temperererte havområde.
– Rissodelfinar er observert to eller tre gongar tidlegare i Noreg, og berre i Oslofjorden og i Trondheimsfjorden, seier Hundeide.
Kan ha lege i to-tre veker
Tilfellet som gjesta norske farvatn og altså enda opp i fjøresteinane i Herøy, var relativt godt bevart av kaldt vatn og delvis frose underlag.
– Han var litt oppeten, men likevel ganske heil. Lokalbefolkninga har registrert at han har vore der i to-tre veker, fortel den engasjerte biologen.
Hundeide har forska mykje på haldningar til natur, dyr og verneområde og ser stor verdi i at skjelettet til delfinen etter kvart skal stillast ut på Runde Miljøsenter.
– Den kjem til å verte ein slags attraksjon der ute, forhåpentlegvis på sikt saman med andre kvalsortar som er meir karakteristiske for regionen, slik som spekkhogger, nise og grindkval. Dagleg leiar Nils-Roar Hareide gjer eit viktig arbeid med formidling og det å skape merksemd rundt utviklinga i faunaen på Runde og områda rundt, synest Hundeide.
Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no
Preparering tek tid
Heller enn å vere i påskefjellet har han saman med Eivind Sørnes nytta fridagane i påska til å partere det nesten 500 kilo tunge kvaldyret.
- Han køyrde opp frå Fredrikstad og er no dratt ned att med leivningane, seier Hundeide.
Skjelettet, som er fullt av feittstoff og som det er ein omstendeleg prosess å preparere før det kan monterast og stillast ut, kan ventast å vere ferdig oppsett for publikum om omtrent eitt år.
- Vi har dessutan send vev-, hud- og kjøtprøver til DNA-testing på zoologisk museum. Det er mykje forskingsrelatert aktivitet til dette dyret. Han skal òg innlemmast i prosjektet Barcode of Life, fortel ein oppglødd Hundeide.