Driftsresultatet før skatt var i fjor på 280.793 kroner, drygt 100.000 betre enn i 2016.
Det viser godkjend rekneskap innlevert til Brønnøysundregistra.
Dei totale inntektene for møbelprodusenten i Stordal kom i fjor på 33,9 millionar kroner, ned frå 36,6 millionar året før.
Men med reduserte kostnader på eit tilsvarande beløp, så vart det altså likevel pluss i rekneskapen.
Bedrifta hadde i fjor 21 tilsette.
Stordal Møbel har to aksjonærar: Stordal Trading Ltd. AS (67 prosent) og Isv Finans AS (33 prosent).
Gunnar Stavseng eig 100 prosent av aksjane i Stordal Trading Ltd.