Ved 20-tida tysdag kveld melder Politiet i Møre og Romsdal via Twitter om ein brann på Melsætra i Ørsta.

Brannen skal vere i ein traktor.

Brannvesen og politi er på veg til staden, og det vart først meldt om fare for spreiing til terreng.

Det var eigar sjølv som melde frå om brannen.

– Det er ikkje umiddelbar fare for spreiing til bygging, men brannen tok seg kraftig opp medan eigaren prata med 110-sentralen, fortel vakthavande ved 110-sentralen.

20.20 opplyser 110-sentralen til Sunnmørsposten at brannvesenet er på staden og har sett i verk sløkking.

– Vi har grei kontroll, seier vakthavande.

På Twitter skriv politiet at traktoren er overtent, og at det er litt flammar i terreng.

Politiet oppsøker hyttene i området.

Oppdatering: Like etter halv ni melder politiet at brannen er slukka. Terrenget rundt området blir dynka med vatn for å hindre at glør skal antenne terrenget.