– Det er dekor og ikkje kunst, slår ho fast.

– Eg målte bildet fordi eg måtte ha noko på veggen, og som fattig student hadde eg ikkje råd til kjøpe kunst. Sidan er det berre blitt hengande, forklarer ho som er usikker på om måleriet blir med til Ålesund. For i første omgang er det berre Ida som flyttar heimover, og inn i ei leilegheit i Giskegata ho skal dele med ei barndomsvenninne.

Sambuar, møblar og anna inventar blir verande på Grünerløkka, – iallfall ei stund.

Omgitt av kunst

– Vi beheld leilegheita, slik at vi har ei base både i Oslo og Ålesund, og kjem til å pendle mellom byane. Planen er at Jon også skal flytte heim til Ålesund, men der er det ikkje lett for oss å få jobb samtidig. No har det ordna seg med jobb til meg, og så får vi håpe at det gjer det for han også. I jobben som Khåk-leiar kjem eg til å ha nær kontakt med kunstmiljøet i Oslo, og då er det fint å ha si eiga leilegheit å kome til, meiner ho som har sett sitt personlege preg på den 41 kvadrat store leilegheita.

Det meste av møblar, inventar og skulpturar har ho funne på bruktmarknad, reparert og gjort fine. Men grafikken som fyller det meste av veggane, signert av mellom andre Håkon Bleken, Magne Furuholmen og Tom Gundersen, har Ida Haugland kjøpt litt etter litt.

– Opdahl-bildet er det første ordentlege kunstverket eg kjøpte meg, seier ho og rettar blikket mot eit av hans Sulafjell-motiv som gløder i oransjetonar mot stoveveggen. Det knyter seg ei spesiell historie til korleis hennar Opdahl kom i hus.

– Eg var innom Galleri D40, der eg har jobba i helgene dei siste to åra, og kom i snakk med gallerieigaren. Han spurte meg om det var øya Sula eg kom frå, noko eg bekrefta. Då tok han fram Ørnulf Opdahl trykket «Gjenskinn Sula», og der og då vart eg klar over at akkurat det bildet skulle eg ha. Det var berre det at då eg kom tilbake for å kjøpe, var trykket selt. Eg vart heilt ute av meg, og lurte på kva eg skulle gjere. Til slutt tok eg mot til meg og ringde til kunstnaren, og fekk kjøpt det av han. Og no heng heldigvis Sula-bildet på veggen min, seier ho nøgd.

Kreativ heim

Ida Haugland er oppvaksen i Langevåg saman med brørne Bjarne og Kjetil i det ho kallar ein kreativ heim. Far hennar, Arve Haugland, var tannlege før synet svikta, men han spelar framleis piano og gitar. Mor Aslaug Øverland er lærar med mange kreative sider.

– I oppveksten hadde vi ein sløydverkstad heime der vi ungane fekk utfalde oss. Eg har alltid fått frie taumar til å drive med strikking, sying, måling og andre skapande ting. Foreldra mine har gitt meg kvar sine kreative greiner, – pappa musikken, og mamma den kunstnariske sida i meg. Ein fin kombinasjon, meiner Ida Haugland som blir omtalt som kreativ og brennande oppteken av kunst og handverk.

– Ikkje minst har eg ei 91- år gamal mormor Anna, som så lenge eg kan hugse har drive med kunst. Vi to har måla mykje saman, og seinast no i sommar hadde vi ei målestund då eg besøkte henne i Rogaland. Kjekt å ha ei bestemor å dele kunstinteressa med, seier ho som og er glad for at det står eit piano i kunsthallen i Ålesund.

– Kanskje eg kjem til å spele litt etter stengetid, kjem det frå gallerileiaren som er flink med tangentane.

Kunstutdanning

Musikklina ved Fagerlia vidaregåande skole, eit år som backpackar på ei jorda-rundt-reise saman med barndomsvenninna Dagrunn Karoline Fylling Mæle. Det kosta Ida på seg før ho tok fatt på lærarutdanning i Volda. Dei siste to åra tok ho ved lærarskulen i Trondheim, fordi ho ville fordjupe seg i kunstfag. Vidare tok ho vegen til Oslo, der ho har skaffa seg bachelor i kunst- og handverk og master i estetiske fag.

Sidan 2012 har Ida Haugland jobba som lektor ved Majorstuen skole der ho blant anna har vore kontaktlærar og undervist i kunst, handverk og design. I tillegg har ho brukt helgane til å jobbe ved Galleri D 40, som i hovudsak sel grafikk av rundt 150 norske samtidskunstnarar.

Den siste veka har Ida brukt til å avslutte jobbane, og ta farvel med elevar og kollegaer i Oslo.

– Uff, det har ikkje vore lett. Eg er blitt skikkeleg glad i elevane mine. Åra som lærar har vore lærerike, kjekke og veldig slitsame. Det er krevjande å la over tjue elevar prøve seg i sløydsalen og med anna praktisk forming. For ikkje å snakke om alt papirarbeidet. Krav til dokumentasjon gjer at lærarar snart er meir kontortilsette enn til stades i klasserommet saman med elevane. Som lærarar følte eg at eg ikkje fekk dekt kunstinteressa mi. Det får eg heldigvis i min nye jobb, seier ho og fortel at ho ser på Khåk-stillinga som reine draumejobben.

– Eg er glad i å organisere og strukturere, – og likar den typen arbeid som er i eit galleri: kontakten med kunstnarar og med publikum. Og eg er glad i å snakke med folk, formidle kunst, og likar å rettleie kundar fram til kjøp av kunst som dei likar, legg ho til.

Få unge inn

– Korleis vil publikum i Ålesund merke at Khåk kunsthall har fått deg som leiar?

– Tja, det er ikkje sikkert det blir så merkbart i starten, seier ho og får eit tenksamt drag over andletet.

– Eg har sjølvsagt visse planar, men først skal eg jobbe meg litt inn. Noko eg vil gripe fatt i er få fleire unge folk inn i galleriet. Her i Oslo opplever eg stadig at unge, nyetablerte par kjem innom Galleri D40 og nærmast ber om orsaking for at dei kan lite om kunst, men er ute etter bilete til å henge på veggene sine. Det er mange unge som er usikre på kva slags kunst dei likar. Slik er det sikkert i Ålesund også, og eg håper denne gruppa kjem til å kome innom Khåk ofte. Og sjølvsagt håper eg at dei som allereie har eit forhold til kunst og Aalesunds Kunstforeining ofte blir å sjå i galleriet.

– I jobben i Galleri D 40 har du hatt kontakt med mange kunstnarar. Kjem det til å bli utstilling med dei i Ålesund?

– Ja, det kan tenkjast. Eg har laga ei liste over grafikk eg vil ta inn for sal, og kven av kunstnarane eg gjerne vil ha utstilling med. Kunstnarane veit ikkje at dei står på ei slik liste enno, så noko namn går eg ikkje ut med no, seier ho bestemt.

At utstillingsprogrammet i Khåk Kunsthall fram til sommaren 2018 er lagt, og at avtroppande intendant Anne Standal har sytt for utstilling både med Terje Fagermo, Roy A. Dahl, Ragnhild Søvik og andre lokale kunstnarar synest den nye gallerileiaren er bra.

– Alle dei utstillarane kjem til å dra godt med folk til Khåk. Det er fint, for då får eg både bli kjent med kunstnarane, og får helse på mange kunstinteresserte i Ålesund. Det gler eg meg til.

Kunstteft

Frå gallerimiljøet i Oslo blir det sagt at Ida Haugland har blikk for både den kommersielle- og den kunstneriske sida av galleridrift. Ho har teft når det gjeld å føresjå kva for kunstnarar og kva kunstuttrykk som slår an hos publikum.

– Erfaringar frå galleriet i Oslo kjem eg sjølvsagt til å ta med i jobben i Ålesund. Men det er inga oppskrift på korleis ein skal finne fram til kunstnarar som slår an hos publikum. Det gjeld å halde seg oppdatert på aktuelle kunstnarnamn og tematiske trendar i tida. Kunst er ikkje lausrive frå resten av samfunnet. Kunst er ofte resultat av handlingar, tankar eller som kommentar til samfunnsutviklinga. Dette vil eg la kome til uttrykk i Khåk, men utan at eg har tenkt å dra politisk kunst inn i galleriet.

– Kva type kunst likar du?

– Eg likar mange ulike stilar, – alt frå det abstrakte til det figurative. Form og komposisjon synest eg er spanande, og spørsmål som kva det er som gjer at eit bilde «talar» til meg eller andre fascinerer meg. Det er ikkje alltid det er mogeleg å sette ord på kva som gjer at eit bilde er fint eller ikkje. Kunst er ein måte å uttrykke kjensler på med noko anna enn ord. Slik har kunsten ein viktig funksjon, meiner estetikaren som blir omtalt som open og omgjengeleg. Og som ei dame med stor arbeidskapasitet, engasjement og stor vilje til å nå mål ho har sett seg.

– «Klare sjølv» er to ord som har følgt meg sidan eg var lita. Eg er sjølvstendig, men oppteken av å rådføre meg med andre før eg tek avgjerder. Som gallerileiar må eg både samarbeide med andre og ta sjølvstendige val. Ein kombinasjon som passar meg bra, seier Ida Haugland.

No er ho er klar til å bruke energien sin i kunstens teneste i Khåk Kunsthall.