- Nei, eg søv godt, seier Ståle Anker Ljøen, økonomisjef i Stranda, kommunen som er suverent på gjeldstoppen i Norge.

Diagrammet over viser gjeldsnivået per innbyggar i kommunane på Nordvestlandet dei to siste åra. I 2012 var Stranda (1. plass) og Norddal (3. plass) blant topp-fem, saman med Hammerfest (2. plass), Lyngen (4. plass) og Sirdal (5. plass).

I 2012 var det på Nordvestlandet kun Stryn kommune som hadde gjeld lågare enn gjennomsnittet for dei norske kommunane.

Sel alpinanlegg

Ljøen i Stranda sin sovemedisin er ein god plan for å komme seg vekk frå fyrsteplassen.

– Vi skal betale ned 27 millionar kroner kvart år i ti år.

Anlegget på Strandafjellet skal seljast. Det betyr godt over 50 millionar kroner inn i kassa, men for å få gjort ferdig oppussinga av ungdomsskulen må ein også ta opp nye lån i år.

– Men vi har bikka toppen no. Vi er på veg ned av fjellet. Eg meiner vi har kontroll, seier Ljøen.

På veg ned frå fjellet kan Ljøen og andre frå Stranda møte kommunar på veg opp.

Ein ferjetur, nokre tunnelar og fjordfine kilometer unna det gjeldstynga rådhuset på Stranda, ligg rådhuset i Norddal. Kommunen har rike inntekter frå kraftindustrien, men er like fullt den tredje mest belånte kommunen i landet.

– Vi har i mange år har hatt sterk vilje til å oppretthalde eit veldig høgt nivå på tenestetilbodet i alle bygder, forklarer ordførar Bjørn Inge Ruset.

Men no er kommunen er ferd med å legge om dette. I fjor vart ein skule lagt ned og i staden for å bygge ny barnehage, vart det sambruk med ein skule.

I tillegg har kommunen starta ein gjennomgang av pleie- og omsorgssektoren både på nivå og struktur.

– Det har tidlegare vore slik at ein skal ha alt over alt. Det kostar.

Ikkje uroa

Men trass den høge gjelda per innbyggar, så søv ordføraren godt om natta. Det handlar mellom anna om at kommunen også har rimeleg gode inntekter. I tillegg har dei gjort store grep og renovert både skule, rådhus, sjukeheimen og andre kommunale bygg.

Det er bygd ny miljøstasjon, nytt bygg for tekniske tenester med brannstasjon, eit fjernvarmeanlegg som no forsyner mange bygg med varme og nytt opplegg for vann og avløp i kommunesenteret. Det er bygd nye vegar og med få unntak har alle kommunale vegar også fått asfalt.

– Vi har difor ikkje noko stort etterslep som vi må ta igjen.

Men kommunen har starta på ei innstramming.

– Om vi kunne gjort ting om igjen, så burde vi begynt tidlegare på dei krevjande prosessane med struktur både på skular og eldretenester. Vi burde og ha avhenda kommunal eigedom som ikkje er i bruk tidlegare.

Samtidig seier Bjørn Inge Ruset at han ikkje er bekymra.

– Vi kunne skyvd dette utover i tid og brukt pengar på bok, men då hadde det vorte betydeleg verre nokså snart og det ville svi berre endå meir når ein skal gjere dei naudsynte vedtak. No må vi tenkje på kva tenester folk får innanfor kommunen sine grenser og ikkje i kvar bygd, og det er ei erkjenning som eg håper våre folkevalde er i ferd med å få.

Ulstein har også veksande gjeld, og der pågår ein diskusjon om storbygg i sentrum med mellom anna bibliotek og basseng. Det betyr endå meir gjeld.

Landsverstingar

Tabellen viser tydeleg at Nordvestlandet er belånt og gjeldstynga, og ligg i øvste halvdel av gjeldsoppen i Norge.

Veksten i gjeldsbøra har også vore høgare enn gjennomsnittet i landet over fleire år. Dette føyer seg inn i bildet saman me forholdsvis fleire Robek-kommunar enn elles i landet, kommunar med meir usunn drift og kommunar med mindre pengar på bok enn elles landet.

Ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset, seier dei har gode inntekter, og er ikkje uroa. Foto: Terje Engås
Økonomisjef i Stranda, Ståle Anker Ljøen, seier dei har ein god plan, og er ikkje uroa. Foto: Terje Engås