Johan Behrentz (62) er tilsett som konstituert redaktør og dagleg leiar i Sunnmøringen, melder avisa.
Behrentz har sidan midten av 1980-talet hatt fleire ulike stillingar i redaksjonen i Sunnmørsposten.
Han har mellom anna hatt særansvaret for dekninga av fleire distrikt i Sunnmørsposten sitt dekningsfelt, og har jobba mykje med samfunnsstoff og næringsliv.
Behrentz har vore vikarierande vaktsjef i periodar. Frå før har han jobba i avisa Dagen.
Hatlem i ny jobb
Behrentz startar i stillinga 13. februar og erstattar Bjørn Arild Hatlem.
Hatlem har fått seg ny jobb i Ålesund kommune og kan no kome på plass i den nye jobben raskare enn han elles ville gjort.
– Vi er svært nøgde med at Behrentz på kort varsel har tatt utfordringa som leiar i Sunnmøringen. Det gir god kontinuitet, seier styreleiar Lidvar Flydal til Sunnmøringen.
Overgang
Den nye redaktøren seier at han ser fram til å arbeide i Sunnmøringen.
– Det blir jo ein overgang frå å ha jobba i Sunnmørsposten i 32 år. Det har vore ein flott arbeidsplass i alle desse åra. Så blei det slik at eg no fekk moglegheit til å kunne gjere noko anna, seier Behrentz.
– Så då denne stillinga dukka opp, i alle fall midlertidig, så blir det artig å prøve. Eg håper lesarane vil vise litt tolmod med meg i starten. Men eg har gode og erfarne medarbeidarar som har god oversikt, seier Behrentz.
Sunnmøringen har tre redaksjonelle medarbeidarar som skal gi ut både nettavis og ei papiravis kvar veke - dermed blir kvardagen litt annleis enn kvardagen i ein større redaksjon.
Samstundes høyrer begge aviser til same familie - Polariskonsernet.
– Korleis vil lesarane merke at du tek over?
– Det er for tidleg å seie, seier Behrentz, som er delvis på plass i Sunnmøringen allereie no for å få opplæring. Samstundes som han skal skrive ferdig saker for Sunnmørsposten.