Statens vegvesen meldte tidligere fredag at fylkesveg 91 var stengt mellom Eidsdal og Norddal på grunn av snøras.

– Heile bygda er isolert og vi kjem oss ingen veg, fortalde Peter Melchior til smp.no då.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Brøyta ny veg

Men ved 18-tida kunne bygdefolket igjen ta seg ut til omverda etter at kommunen fekk brøyta ein alternativ veg over fjellet til Eidsdal. Vegen som har namnet Storås-Hjelle-vegen, blir til vanleg ikkje brøyta på Eidsdal-sida.

– Det blir anbefalt at ein ferdast på tryggast muleg vis, og då med ein god vinterbil, seier assisterande rådmann Helge Svensvik til smp.no like etter klokka 18.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Han peiker på at det allereie tidleg fredag blei teke omsyn til beredskapen, ved at det blei brakt inn medisinar med båt i morges.

– Korleis har reaksjonane vore frå bygdefolket?

– Det har ikkje vore noko stor pågang, men vi må påpeike at dette er høgst midlertidig for å sikre at folk kan ha ein mest muleg vanleg kvardag og ta seg til jobb og slikt, seier Svensvik.

Statens vegvesen melder at det er lite truleg at fylkesveg 91 langs sjøen blir opna att i dag.

Se vegmeldinger for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)Se vegmeldinger for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)

Fleire vegar stengt

Fredag ettermiddag var også FV63 mellom Eidsdal og Geiranger stengt, men her er det satt opp rasferje mellom Geiranger og Hellesylt.

FV63 er og stengt mellom Sylte og Sogge bru på grunn av fare for ras.

FV655 er stengt i Norangsdalen på grunn av snøras.

Fv41 er stengt mellom Viddal og Leira, og mellom Bueide - Sjåstad på grunn av snøras.

FV651 er stengt melom Straumshamn og Fyrde på grunn av fare for ras.

FV61 er stengt mellom Maurstad og Åheim på grunn av jordras.