Avtalen er eit resultat av forhandlingar om kommunesamanslåing mellom Volda og Ørsta.

– Ein ny Volda-Ørsta kommune skal ha levande bygder og sterke sentrum. Med ein ny Volda-Ørsta kommune bygger ein det fjerde tyngdepunktet i fylket og eit tydeleg regionsenter. Slik kan ein også drive maktbygging opp mot dei store sentraliseringsstraumane, står det i ei felles pressemelding frå Volda og Ørsta kommune.

LAST NED: Her er intensjonsavtalen

– Den regionale tankegangen står også bak når ein går ned på konkrete punkt for satsing i framtida. Då gjeld det regional fleirbrukshall med regionalt symjebasseng i Ørsta og regionprosjektet mediehus med kultursal i Volda, står det i pressemeldinga.

Kommunenamnet som er foreslått er Volda-Ørsta kommune. Forhandlingsnemnda meiner det er naturleg at det vert arrangert ein open idekonkurranse om korleis kommunevåpenet skal sjå ut. Både Ørsta og Volda held fram som senter, og Ørsta skal ha dei strategiske leiarfunksjonane som ordførar og rådmann med stab medan Volda skal ha leiarfunksjonane for dei mjuke tenestene som oppvekst og helse/omsorg.

– Det er ein klar intensjon at det skal vere balanse mellom ansvar og arbeidsplassar i dei to rådhusa og kommunale bygg, seier avtalen.

Folkeavstemming

Dersom intensjonsavtalen vert godkjent av kommunestyra vert det folkeavstemming om kommunesamanslåing 19. mai.

Volda og Ørsta er opne for forhandlingar også med Hornindal og Stryn, men det vert ikkje felles forhandlingar før etter folkeavstemminga, står det i intensjonsavtalen.