Det herskar Karsten Warholm-feber i Ulstein før onsdagens VM-finale på 400-meter hekk. Og Arve Hatløy, trenar for Warholm gjennom mange sesongar, bidreg heller ikkje til å dysse ned forventingane før finalen når Sunnmørsposten spør kva som er realistisk å håpe på i London.

– Alle håper jo at Karsten skal ta medalje. Nokre trur også på gull. Eg trur det er realistisk at Karsten i beste fall kan kjempe om andre- eller tredjeplassen. Men han kan også bli nummer seks eller sju, vurderer Hatløy.

Og grunngir analysen slik:

– Vi såg i OL i fjor at det var mange som heva seg i finalen. Nokre hadde spart på krutet både i forsøket og i semifinalen. Så sjølv om Karsten hadde nest beste tid i semifinalen så ligg det andre bak og lurer som vil ha eit ord med i laget. Ut frå statistikkane er heller ikkje Karsten nokon medaljekandidat, seier Arve Hatløy.

– Femteplass ikkje skuffande

Før VM var det fem i verda som hadde betre tid på 400-meter hekk så langt i år enn Karsten Warholm. Av desse skal han møte både Kerron Clement og Yasmani Copello i finalen. Kyron McMaster, som framleis har den beste tida til no i år, vart diska i forsøket og er dermed ikkje med.

– Karsten er i god form og alt er mogleg. Men eg blir ikkje skuffa om det til dømes blir ein femteplass på han, seier Hatløy.

- Opna knallhardt

Dimna-trenaren var ikkje overraska over at Karsten Warholm vart nummer to i sin semifinale, men var litt usikker på korleis det skulle gå tidleg i løpet.

- Karsten kunne også ha blitt slått ut. På slutten hadde han god kontroll, men han var hissig i starten og opna veldig hardt. Hadde Karsten snubla i den første hekken hadde alt blitt øydelagt. Men ja, det såg ut som Karsten hadde full kontroll mot slutten, meiner Arve Hatløy.

- Ein stor dag

Og finale meiner trenaren er å sjå på som ein bonus, men det var jo også nettopp ein finaleplass håpet var Warholm skulle klare i London-VM. For eitt år sidan var Warholm berre marginar unna finalen i Rio-OL.

- Karsten har løfta seg ytterlegare. Han har jo fått litt meir erfaring sidan i fjor, så hadde vi trua på at dette skulle gå veldig bra. Det gjorde det - og det vart ein stor dag for Dimna IL og alle oss som såg på, smiler ein tydeleg stolt Arve Hatløy.

- Ikkje veldig nervøs

Under semifinalen samla mange utøvarar, leiarar og andre interesserte seg i den nye Ulsteinhallen for å følgje Karsten Warholm i aksjon på storskjerm.

Til finalen klokka 22.33 onsdag kveld er det i storsalen på kulturhuset Sjøborg folket skal samlast.

- Vi ventar ein endå større fest på Sjøborg. No kjem heile bygda og vel så det, varslar Hatløy.

- Blir ikkje du nervøs før slike løp? Du må kanskje gå deg nokre rundar rundt huset før startskotet går?

- Eg blir ikkje nervøs før Karsten står i startblokka. Då kjenner eg at pulsen stig litt. Eg er nokså roleg fram til då. Men eg vil jo tru at utover kvelden i morgon (onsdag) så er pulsen litt over kvilestadiet. Men kjempenervøs blir eg ikkje. Vi har jo vore med på mange oppturar siste åra. Og så kan vi jo berre håpe at Karsten kan toppe tidlegare bragder endå ein gong i morgon, seier trenaren.

Rett til Harstad

Så er spørsmålet kva som skjer dersom Warholm skulle klinke til med VM-medalje onsdag. Har Dimna IL nokon spesiell plan for ei feiring?

- Nei, det får vi eventuelt ta på sparket. Ei storfeiring blir det uansett ikkje. Mange av trenarane og utøvarane skal til Harstad for å delta i junior-NM, og vi reiser allereie torsdag, seier den aldri kvilande friidrettstrenaren Arve Hatløy.

Her er Arve Hatløy og Karsten Warholm saman under NM i 2015. - Karsten har hatt ei jamn utvikling og ein veldig fin framgang kvart år sidan han begynte å markere seg på landsplan som 15-åring. Litt av hemmelegheita bak suksessen er at Karsten har unngått skadar, fortel Hatløy. Foto: Jarle Mordal