I Ørskog er seks gardbrukarar tilkjent rekord-erstatning. I ekspropriasjonsskjønnet vedtok Sunnmøre tingrett ein kvadratmeterpris på heile 120 kroner. Dette vil ikkje Statens vegvesen godta.

No har Ørskog-ordførar Karen Simonnes Aanes skrive eit nytt brev til Vegvesenet. Ho understrekar at kommunen har fremma saka for skjønnsretten på vanleg måte, og at Vegvesenet har vore orientert heile vegen. Ørskog kommune finn det derfor ikkje rimeleg at kommunen skal bere kostnadar ved grunnervervet.

Skulda for «vesentleg misleghald»

Dommen i skjønnsretten fall i juni. Sidan har Vegvesenet skulda Ørskog kommune for avtalebrot og «vesentlig mislighold» av utbyggingsavtalen. Deretter vart Ørskog beden om å betale mellomlegget på 100 kroner kvadratmeteren.

Ifølgje utbyggingsavtalen skulle Vegvesenet stå for ekspropriasjon. I staden var det kommunen som fremma skjønnet for tingretten. Vegvesenet har tidlegare innrømt at dei burde ha korrigert Ørskog kommune her.

Jordbær-produksjon

foto
Karen Simonnes Aanes er ordførar i Ørskog. Foto: Staale Wattø

Sist i oktober hadde saka ein ny runde formannskap og kommunestyre i Ørskog. I det ferske brevet til Statens vegvesen skriv Ørskog-ordføraren dette:

– Som grunnlag for saka blei brukt Statens Landbruksforvaltning sine kalkylar, ein objektiv og uavhengig fagleg instans. Utvelgelse av sakkyndige var tema i møtet 14.01.16, der Statens Vegvesen var representert ved John Hauger. Han hadde ingen merknader til dette, jfr. møtereferat. Han hadde heller ingen andre preferansar, skriv Ørskog-ordføraren i brevet til Statens vegvesen.

Skjønnsretten konkluderte med at jordbærproduksjon kan være aktuelt på dette området i framtida. Dermed skaut erstatninga i vêret, frå rundt 20 til rundt 120 kroner kvadratmeteren.

Advokat Bjørn Kristian Hove representerte grunneigarane i skjønnsretten.

– Tapet er varig, og utmålinga av erstatning skal skje for «evigheita», uavhengig av dagens drift og eigar, sa Hove til Sunnmørsposten etterpå.

Kommunen ber om innsyn

Vanlegvis er det Statens vegvesen som styrer med ekspropiasjonar. I denne saka er det kommunen som har styringa. I det nye brevet ber Ørskog no om innsyn hos Vegvesenet.

– Ørskog kommune har merka seg at Statens Vegvesen meiner at ei erstatning på kr 20 pr m2 er det korrekte. Ørskog kommune ber om å få tilsendt dei marginalkalkylver som konkluderer med kr 20 pr m2, skriv Ørskog-ordføraren.

Hadde tett dialog

Ho meiner dei har hatt ein tett dialog heile vegen.

– Allereie frå ein starta forhandlingar med grunneigarane vinteren 2015 var her tett dialog mellom Ørskog kommune v/ordførar og representantar for Statens vegvesen i forhold til rutinar ved grunnerverv. Statens vegvesen har gjennom heile denne perioden hatt høve til å gripe inn og stanse det arbeidet som har vore gjort, dersom ein fann grunn til det. Basert på dette er Ørskog kommune ikkje samd i at det ligg føre «vesentleg misleghald» ved utbyggingsavtalen, skriv Ørskog-ordførar Karen Simonnes Aanes.

– Sak om ekspropriasjonserstatning er på regulært vis ført for Sunnmøre tingrett, og dom er avsagt derifrå. Dette hadde vore same prosedyre om det var Statens Vegvesen som førte saka, skriv ho vidare.

Til slutt skriv Aanes at kommunen ønskjer eit møte med Vegvesenet.

Seksjonssjef John Hauger i Statens vegvesen seier han ikkje vil kommentere saka før dei har hatt møtet med Ørskog kommune.