Arnulf Goksøyr frå Høgre har tilsynelatande hatt stø kurs for sin fjerde periode som ordførar, men valresultatet viser at partiet går kraftig tilbake - og ligg an til å tape fire representantar.

I siste periode har veteranen Goksøyr vore ordførar med støtte frå Framstegspartiet, som no hadde Solveig Båtsvik på topp. Frp går også tilbake ved valet, og Høgre treng støtte frå Kristelig Folkeparti for å halde på ordføraren.

Goksøyr vart ved årets val utfordra av Camilla Storøy frå Kristeleg Folkeparti, ringreven Svein Gjelseth frå Arbeidarpartiet og ein annen veteran, Bjarne Kvalsvik, frå Folkelista/Senterpartiet.

Venstre med toppkandidaten Henry Jøsokbakke går fram. Det same gjer Dei Kristne, som har Oddmund Kvalsvik på topp.

Ordførar Goksøyr har fått mykje kritikk det siste året, særleg for si rolle i utbygginga av Sunnmørsbadet. Likevel har mange vore nøgd med at kommunen har fått store løft, som nytt badeland og nytt konserthus - og det skulle store endringar til for at Goksøyr måtte forlate ordførarkontoret.