– Eg reagerte på at denne rib-båten låg og duppa i fjøresteinane, med motoren nede og utan mannskap. Eg forstod at noko måtte vere gale, fortel Even Skeide som fann båten måndag føremiddag.

Han var ute i eigen båt og drog krabbeteiner. Etter ein sjekk på facebook fekk han stadfesta at ein liknande båt var etterlyst av politiet.

– Sikrar spor

– Den om lag 14 fot lange gummibåten med aluminiumsdekk og påhengsmotor på 70 hestekrefter var heilt tom for drivstoff då han vart funnen. Dette stadfestar politibetjent Frode Digernes, som saman med ein kollega måndag i middagstider arbeidde med å sikre spor om bord, på hamna i Volda sentrum.

Dit vart båten teken etter funnet i fjøresteinane nokre hundre meter lenger innover mot Andaneset. Båten vart meldt stolen frå Fiskerstrand Verft i går søndag føremiddag.

Politiet utelukkar at ver og vind kan ha ført båten frå Sula til Volda i løpet eitt døgn.