Så langt i år har elleve kvinner og ni menn døydd i brann i Noreg. Samanlikna med same tidsperiode i fjor, døydde det totalt fire kvinner og fire menn.

Rune Kjøs, vakthavande ved Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) seier det er for tidleg å gje svar på kvifor tala er så høge i år.

- Fleire av brannane i år har ikkje blitt etterforska fullt ut enda. Eg kan difor ikkje seie noko om årsaken til statistikken enda, seier Kjøs.

Flest menn og eldre

Dei siste 20 åra har det omkome nesten dobbelt så mange menn som kvinner i brann. Tendensen har endra seg noko, og det døyr i dag omtrent like mange kvinner som menn i brann. Eldre er spesielt utsett.

Ein tredjedel av dei som dør i brann er over 70 år. Dette til tross for at aldersgruppa over 70 år berre utgjer elleve prosent av befolkninga i Noreg.

Elektriske feil

Elektrisitet er den vanlegaste årsaka til brannane. I 2011 skuldast 50 prosent av brannane elektrisitet i form av teknisk svikt eller feil bruk av elektrisk utstyr.

Også open eld er ein av dei vanlegaste årsakene. Ein fjerdedel av brannane skuldast open eld ifølgje nettsidene til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).