Bråk i samband med Trebåtfestivalen i Ulsteinvik er noko av det som pregar politiloggen for natt til laurdag:

Ulsteinvik, klokka 22.30: Ein mann i 20-åra bortvist frå Ulsteinvik sentrum etter å ha laga bråk og sloss. Personen blir meldt til politiet.

Ulsteinvik, klokka 00.30: Ein mann i 20-åra vart slått i ansiktet av ein ukjent person. Dette hadde skjedd uprovosert. Den fornærma sparka tilbake og dei hadde begynt å sloss. Vakter på staden skilte personane frå kvarandre. Personen som starta slagsmålet, gjekk deifrå før politiet kom. Den fornærma vil vurdere å politimelde hendinga.

Vågsøy, klokka 01.35: Ein mann i 20-åra vert meld for å ha blanda seg inn i politiet sitt arbeid i samband med at politiet skulle snakke med ein annan mann i sentrum. Ungdommen i 20 åra var pågåande og hissig slik at han til slutt måtte pågripast. Han var godt rusa. Det blir oppretta sak på forholdet og denne vert vidare etterforska av Vågsøy lensmannskontor.

Ulsteinvik, klokka 01.40: Ein mann i slutten av tenåra vart bortvist frå sentrum etter at han hadde egla til bråk med fleire personar. Han var aggressiv før politiet fekk roa han. Politiet melder personen for oppførselen.

Skodje, klokka 01.00: Ein politipatrulje kom over to mopedar med to personar på kvar moped. Begge mopedane vart stansa. Begge førarane fekk forenkla forelegg for køyring med passasjer. Den eine mopeden vart i tillegg trimma, og vart avskilta.

Ålesund, klokka 03.30: To personar i 20-åra vart tatt med til drukkenskapstest etter at dei begynte i sloss i vegbanen på Hellebroa. Begge blir anmeldt for ordensforstyrring.

Ålesund klokka 03.40: Ein mann i 20-åra stansa tilfeldige personar og kom med grove truslar mot dei. Det vart ikkje utøvd vald mot nokon, men fleire vart skremde av oppførselen hans. Personen var høg og tynn, og iført ein kvit hettegensar. Dette skjedde første gong i Ålesund sentrum i 03.30-tida, og andre gong i 04-tida i krysset Øvre Strandgate/Nedre Strandgate. Politiet ønsker tips om kven denne personen er.

Stryn, klokka 04.02: Politiet tok hand om ein overstadig rusa mann i 40 åra i sentrum. Han hadde falle og slått seg litt så han vart vidaresendt til legevakta på Eid for kontroll.