Ifølgje Sulaposten, som først skreiv om saka, får Vegsund Slip seks avvik frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

To av avvika omhandlar at spylevatn går rett i sjøen og at farleg avfall vert levert i lag med usortert avfall.

Skadeleg for miljø

Etter forureiningsføreskriftene skal avfall frå spylevatn og sandblåsing (blåsereinsing) samlast opp. Maling og middel som er påført båtskrog for å hindre groing, kan vere skadeleg for miljøet, skriv Sulaposten.

Kan bli bøter

Ifølgje avisa krev Fylkesmannen at Vegsund Slip lagar ein plan for å ordne opp i løpet av februar neste år. Om ikkje det skjer, kan det bli bøter.

Nils Christian Drønnen ved Vegsund Slip seier til Sulaposten at det skal bli slutt på spylevatn på sjøen, og at alt skal vere i orden til sommaren.