Sunnmørsposten har opp gjennom åra stått som utgjevar av ei rekkje bøker med lokal bakgrunn. I år har ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg bestemt seg for å gje abonnentane ei julegåve, i form at ei fritt valt bok mellom åtte ulike titlar frå Sunnmørsposten Forlag AS.

Fleire bøker kan også kjøpast til sterkt rabattert pris. Abonnentar kan hente bøker både i hovudredaksjonen i Ålesund og ved lokalkontoret i Volda.

Onsdag vanka det også kaffi og julekaker attåt drøs om både bøker og anna i Volda.

- Responsen har vore gledeleg. Eg har opplevd hyggjeleg prat med mange frå lokalmiljøet i Volda i ettermiddag. Ikkje minst har eg fått mange tips til stoff og innspel elles om avisa vår, seier Hanna Relling Berg.

Ho tilbyd dei som ikkje rakk å kome innom og få seg bok onsdag, å stikke innom anten i Volda eller i Ålesund ein av dei komande dagarne framover. Nokre bøker er naturleg nok meir populære lokalt enn andre, og her gjeld prinsippet om først til mølla…

Av dei mest populære bøkene Sunnmøresposten har gitt ut, er tidlegare  redaktør og lidenskapeleg fotograf Magne Flem si bildebok «For noen tiår siden». Foto: Knut Arne Aarset