Eigentleg hadde unionsmerket lita praktisk betydning, men det signaliserte kvar gong nordmenn heiste det norske flagget at det var noko som mangla på at Norge var «heilt fritt». Det første norske flagget var eigentleg det danske, «Dannebrog», med den norske løva sett inn i det øvste feltet nærast stanga. Det vart unnført under Christian Frederiks korte tid i 1814 som norsk regent. Den tida hadde dei ikkje flaggduk å bruke til eit nytt flagg, og «Dannebrog» fanst rundt om i heile landet.Spørsmålet om flagget engasjerte Stortinget og folket sterkt, og etter grunnlova var det ingen tvil om at det var Stortinget som skulle avgjere korleis flagget skulle sjå ut. Ein komite nedsett av Stortinget fekk i 1821 i oppdrag å kome med framlegg til nytt nasjonalflagg. 27 framlegg kom inn. Eitt av dei var frå Eidsvollsmannen og den seinare stortingsmannen Fredrik Melzer frå Bergen. Han hadde det frå son sin som hadde teikna det danske flagget med ein blå kors i midten. Korset signaliserte at vi var ein kristen stat, og det raude, kvite og blå var fridomens fargar slik dei blir vist både i det franske og det amerikanske flagget. Stortinget godtok forslaget som norsk flagg.«Morgengave»Noko av det første Oscar I gjorde då han vart konge i 1844 var å ordne opp i flaggfloken. Det skulle vere hans «morgongåve» til det norske folk. Dermed vart det norske flagget utstyrt meg unionsmerket oppe i venstre felt av flagget. I 1890-åra manna Stortinget seg opp til å krevje «sildesalaten» fjerna. Det reine norske flagget skulle vere vårt flagg, vedtok Stortinget to gongar. Kvar gong nekta kong Oscar II sanksjon. Det norske flagegt vart så i 1898 vedtatt for tredje gang av Stortinget og vart dermed automatisk lov sjølv utan kongens samtykke. På det tidspunktet hadde det reine norske flagget vore i bruk mange stader rundt om i landet. Orlogsflagget derimot hadde unionsmerket i seg heilt fram til 1905, då det ved høgtidelege seremoniar rundt om på norske militærstasjonar vart bytt ut med det reine norske splittflagget. Sjøfolk i utanriksfart ville halde på unionsmerket lengst mogeleg, fordi det ga ein tryggleik mot å møte angrep frå sjørøvarar. Det reine norske flagget var ukjent.DemonstrasjonarI 1896 kom kong Oscar II på sitt første besøk på våre kantar. Under kroningsferda i 1873 hadde han reist Østerdalen og Gudbrandsdalen til og frå Trondheim. Året før han kom hadde konflikten med svenskane i konsulatsaka spissa seg slik at leiande krefter i Sverige ville gå til krig mot Norge. Både i 1894 og i 1896 vedtok Stortinget at det reine norske flagget skulle vere Norges offisielle flagg. Kvar gong nekta kongen å godta dette, og under heile vestlandsferda vart nettopp flaggsaka stridstema. Han reiste om bord i krigsskipet «Heimdal» frå Nordfjordeid den 21. juli og kom til Geiranger morgonen etter. Det hadde det møtt opp mykje folk, også frå norddalsbygdene, mellom dei mange glødande venstrefolk. Ivar Tafjord (Fargar-Ivar) og Arne Dahl (Dal-Arne) hadde med seg eit reint norsk flagg, og då kongeskipet kom nær land så planta dei det reine norske flagget nedanfor alle unionsflagga. Dette flagget finst i Dalsbygda den dag i dag.Det same skjedde då kongen kom til Øye seinare på dag. Der hadde nokre radikalarar fått løyve til å feste eit reint norsk flagg på veggen til det nye naustet som Syver Skylstad hadde sett opp nær kaia. Dei prøvde seg fleire gongar, men lensmann Ingebrigt Riise var der og reiv det ned att. Han representerte statsmakta og hadde vel ikkje noko anna å gjere, men når kongeskipet kom nær land, fekk lensmannen anna å gjere, og det reine norske flagget lyste mot kongen når han steig i land. Tilsvarande demonstrasjon møtte kongen seinare på dag når han kom til Ålesund. Det massive trykket han opplevde frå nordmennene på denne turen gjorde nok at han innsåg av flaggsaka var tapt. og i 1898 aksepterte han at Stortinget gjennom å gjere same vedtaket tredje gongen hadde gjort det reine norske flagget gyldig til bruk.