Mannen møtte i Møre og Romsdal tingrett denne veka og erkjente at han ein desemberdag i fjor hadde sendt ei tekstmelding med trugsmål til ein annan mann der han truga han på livet, men han erkjente seg ikkje skuldig.

I tida forut hadde han sendt fleire handskrivne brev med trugande innhald.

– Etter rettens vurdering har tiltalte gjennom meldinga trua med straffbar åtferd og etter rettens vurdering er meldinga framsett under slike omstende at den objektivt sett er eigna til å framkalle alvorleg frykt, står det i dommen.

Mannen har blitt dømt for liknande tilfelle tidlegare, og han blei dømt til fengselsstraff i 90 dagar der 45 blei utsett med ei prøvetid på tre år i fjor.

Trugsmåla mannen blei dømt for no skjedde berre ein månad etter den førre dommen, og i prøvetida.

Derfor fekk han no ein samledom på 70 dagar i fengsel, der 30 av dei blir utsett med ei prøvetid på tre år.