To bilar kolliderte i eit vegkryss i Ørsta sentrum tysdag. Den eine føraren vart sendt til sjukehus, opplyser operasjonsleiar Arild Reite.

– Det er ein person i kvar bil. Den eine føraren klagar på smerter i brystet etter bilbeltet. Den andre verkar ok og oppegåande, sa Frank Austdal på 110-sentralen for Møre og Romsdal.

Ulukka har skjedd i krysset ved Dalevegen og Anders Hovden-gata. Brannvesenet dirigerte på eit tidspunkt trafikken, men no er bilane ute av vegen, som ikkje er særleg trafikkert.