I samband med eit dødsfall i Fosnavåg i Herøy kommune laurdag, der ein mann vart funnen livlaus på open gate, har politiet blitt gjort merksame på at fleire gjorde videoopptak av hendinga. Politiet går no ut, i samråd med dei pårørande, med ei oppmoding om å ikkje dele videoane vidare. Det gjeld både i denne saka og i andre tilsvarande saker.

Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Mannen vart stadfesta død på staden.

Politistasjonssjef ved Herøy og Sande politistasjon, Janne Garnes Nilsen, reagerer på at nysgjerrige skodelystne strøymde til med mobilkamera.

– Dette er allereie ei svært tung tid for dei pårørande. Dei burde ikkje trenge å bekymre seg for om det er videoar i omløp av at deira næraste i ein så sårbar situasjon. Av omsyn til dei pårørande, oppmodar vi dei som har filma hendinga om å sletta videoen. Det handlar om medkjensle og respekt, både for personar i sorg og for den avdøde, seier ho i pressemeldinga.

Politiet har altså ei klar oppmoding: – Ikkje del vidare og slett videoen.

– Gi beskjed til den som har delt det om at det ikkje er lov å dele. Be gjerne den som har delt om å slette videoen, seier Garnes.

Alt tyder på at dødsfallet er helserelatert, men det blir ikkje konkludert før ein får resultatet av obduksjonsrapporten, blir det opplyst frå Felles Straffesaksinntak hos politiet.