– For å sikre berekraft langs kysten, må miljøbelastninga frå oppdrett minimerast, og vi treng solid kunnskap om korleis akvakultur kan påverke dei ville fiskebestandane langs kysten, seier havforskar Thomas Bøhn på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Nord-Noreg har ein av verdas rikaste fiskeriressursar med skrei og relativt gode bestandar av torsk. Her er det dessutan mindre problem med lakselus og større areal enn på Vestlandet.

No har havforskarar undersøkt korleis desse kan bli påverka av lakseoppdrett.

– Desse risikoane kan potensielt føre til endringar i både åtferda, fysiologien og i overlevinga til torsken, forklarar Bøhn.

Nokre av desse risikoane er at torsken kan bli skremd av støy frå oppdrettsanlegga, eksponering av utslepp av kjemikaliar og spillfôr frå anlegga, i tillegg til smittespreiing av virus, bakteriar og parasittar.

Ifølgje Bøhn er spesielt spillfôr ei risikokjelde som må forskast meir på.

Havforskaren peiker likevel på at desse risikokjeldene dannar eit godt utgangspunkt til å avgrense eller hindre negative effektar på torskebestandane våre.

(©NPK)