Dette seier artsfiskar Daniel Andersen til Sunnmørsposten. Første nyttårsdag klokka tolv middag slo kjempelanga til mot syttenåringen sin krok med spesialagn, nede på mørke 190 meter under sjøflata i Tomrefjorden.

– Eg kjende at ho måtte vere stor og tung. Men ikkje så stor, og ikkje så tung at ho vert notert i rekordlistene til dei som steller med slikt, konstaterer Andersen. Langa var 172 cm lang og 31,8 kilo tung. Det plasserer ho på fjerdeplassen i Norge.

– Den aller største var på nesten ufattelege 46 kilo, teken på stang ved Hitra. I det heile så har kyststripa her og nordover har svært god utteljing for rekordfiske med stang, registrerer Andersen.

Fjøslukt og fisk

Syttenåringen bur på Gjermundnes, og er også førsteårs elev ved Gjermundnes landbruksskule. Der får han neste skuleår dreie over frå fjøslukt og forhausting, til akvakultur ved same skule.

– Eg har vorte teken med på fiske sidan eg var bitte liten der eg vaks opp i Skien. I to år har eg sjølv hatt fiske som lidenskapleg hobby, men det er ikkje nok. Eg vil ha fisk også som yrke, smiler syttenåringen.

– Korleis kom du borti dette rekordfiskemiljøet?

– Skal ein vere heilt presis så heiter det artsfiske. Dette inneber at ein går målretta etter dei største eksemplara for kvar art.

– Frå før hadde eg fått opp ei lange på 25 kilo, og den var jammen stor nok. Men ein auke på nesten sju kilo, det vart noko heilt anna, fortel Daniel. Han fortel også at ein må setje seg grundig inn i den einskilde fiskeart sin biologi og levemåte. – Når det gjeld lange så er sjansen best på hard botn, pluss minus to hundre meter nede.

Sylkvasse tenner

– Vidare må ein bruke ein spesiell fiskekrok, og eit spesielt agn. Heil makrell kan duge godt, men ein på også passe på å ha eit par meter forsterka fortaum. Lange har nemleg sylkvasse tenner som lett kan file av ei nylonsen dersom ho tek til å jafse og rotere, veit fiskaren. Han har alt filetert langa si, eller skal ein heller seie partert. Det er ikkje småbitar som blir av ein slik fisk.

– Men denne var overraskande fin og kvit. Fiskefrysaren min er dessverre – eller heldigvis – full. Dermed vart det mange måltid å spandere på slekt, venner og grannar, fortel superfiskar Daniel Andersen.