Tysdag var fiskeriminister Per Sandberg (Frp) på besøk høs brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i Ålesund og simulatorsenteret Fosnavaag Ocean Academy (FOSAC). Her fekk statsråden ei rekkje innspel kva ein kan gjere for å betre situasjonen i oppdrettsnæringa.

– Dei krava eg vil stille til brønnbåtane kjem til å krevje ny teknologi, seier Sandberg og meiner retninga Sølvtrans har valt kan løyse fleire av problema næringa slit med.

Sandberg trekk fram krav til lukka slaktemerdar og meir lukka transport av fisken som tiltak som er aktuelle. Samstundes peikar han på at reiarane må få moglegheit til å omstille seg.

Kritisk til lusebehandling

Ein av tinga Sølvtrans-reiar Roger Halsebakk er oppteken av, er metoden med å avluse fisken og la den gå rett tilbake i den same merden:

– Det vil ofte gi eit nytt påslag med lus med ein gong, påpeikar Halsebakk.

Reiaren meiner det er noko som i stor grad blir gjort for å krysse av i eit skjema og Sandberg lytta med stor interesse.

– Om det er slik at ein avlusar fisken og sett den tilbake i ei merd der 50 til 60 prosent av lusa framleis er, så verkar det fornuftig at ein må ha reservenøter eller andre lokalitetar der fisken kan settast tilbake i sjøen. Dette var nytt for meg, og eg vil ta det med tilbake og undersøke nærare. Men om dette er beste kunnskap, så trur eg næringa vil ta det til seg, særleg når dei har så store tap både på sjukdom og lus, seier Sandberg.

Halsebakk tok også til orde for at ein bør operere med ein gjennomsnittleg bruk av anlegg, framfor krav om at dei må leggjast brakk over lengre tid. Ei slik endring kan gi meir fleksibilitet, utan at den samla belastninga blir større.

SE OGSÅ: Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Trygg fortøying

Sølvtrans-reiarlaget i Ålesund er verdas største og har bygd ein fleire nye båtar dei siste åra. Dei har satsa på lukka anlegg og ny teknologi om bord i båtane. I tillegg har dei kjøpt seg inn ved simulatorsenteret i Fosnavåg der dei har utvikla verdas første simulator for brønnbåtar.

– Eg skal vere snill med deg og redusere bølgjene. Då får du litt mindre krefter å jobbe mot, seier dagens «skipper» og instruktør Arnt-Johan Karlsen frå Sølvtrans då Sandberg sett seg ved «roret».

I simulatoren får ein demonstrert kor komplisert det kan vere å manøvrere ved eit anlegg. Ofte er det under slike operasjonar uhell skjer – sjølv om det er mindre servicebåtar som står for dei fleste. Edderkoppnettet av fortøyingar ved slike anlegg kan få ein garva sjømann til å vegre seg, men statsråden klarte brasane bra.

Retningslinjer?

Simulatoren opna i vinter og Sølvtrans har nyleg kursa dei første mannskapa sine. Reiarlaget har betalt for i dei kraftige dataprogramma i simulatoren, men det er mogleg for andre å nytte fasilitetane.

Dagleg leiar Håvard Stave ved FOSAC fortel at dei merkar interesse frå andre reiarlag, men samstundes nøler mange med å bruke pengar på noko som ikkje er lovpålagt.

– Det er for mange uheldige hendingar i næringa som gjer skade både på anlegg og folk, seier han – men fortel at bransjen ikkje er samde internt om korleis ein kan løyse utfordringane.

– Kanskje burde ein sjå til offshorenæringa, der ein har laga felles retningslinjer, og at det kan vere ein start, seier Stave.

Ved å «skru av» sjøen får ein sjå edderkoppnettet med fortøyingar som er éin av utfordringane med å navigere ved anlegg. Sølvtrans er i gong med å kurse mannskapa sine ved verdas første brønnbåtsimulator i Fosnavåg. Foto: Marius Rosbach