Kultur- og folkehelseutvalet i fylket har fordelt i alt 1.780.000 kroner til fire prosjekt i verdsarvområdet ved Storfjorden.

Nesten halvparten går til Storfjordens Venner, som vil setje i stand våningshuset på Litlesetra på Åkerneset. Foreininga har tidlegare organisert og gjennomført restaurering på Me-Åkneset og Ytste-Åkneset.

I år får foreininga 830.000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Dette skal finansiere ein stor del av dette prosjektet, som langt på veg vil komplettere miljøet på Åkerneset, melder Møre og Romsdal fylkeskommune.

Geiranger

To av årets prosjekt er i Geiranger.

– Ola-løa i klyngetunet på Gjørva i Geiranger er ei særs gamal og interessant bygning i eit verdifullt bygningsmiljø. Prosjektet er sett i gang tidlegare med grunnlag i tilskot i 2015 og 2016. Med løyving på 480.000 kroner i år, kan arbeidet blir fullført.

Stiftinga Geirangerfjord verdsarv får med tilskot på 280.000 kroner høve til å sette i stand det gamle stabburet sitt ved Norsk Fjordsenter.

– Oaldsbygda er eit unikt bygdemiljø i verdsarvområdet med mykje bygningsmasse. Våningshuset på Midtgard, ei av gardane i bygda, kan settast i stand med tilskot gitt i 2016 og 190.000 kroner i tilskot no i 2017, opplyser fylkeskommunen.

Stabburet ved Norsk Fjordsenter i Geiranger får 280.000 kroner. Foto: Stiftelsen-Norsk-Fjordsenter
Våningshuset på Midtgard i Oaldsbygda har fått 190.000 kroner i tilskot. Foto: Svein Runde
Ola-løa på Gjørva i Geiranger har fått 480.000 kroner i tilskot. Foto: Peter Brennvik