Før første gong kan ei kvinne bli ny ordførar i Midsund, nemleg Inger Lise Trønningsdal. Ho toppar Høgre-lista i Midsund. Høgre ser ut til å få fem representantar i kommunestyret.

For første gong stiller alle dei seks partia med ordførarkandidat. Sist var det Frp som var den store vinnaren, og fekk inn Einar Øien som ordførar. Han stiller ikkje på nytt. Frp har ved dette valet gått kraftig tilbake. Dei hadde fem mandat, men får no berre éin representant i kommunestyret.

Frp har hatt ein del uro som blant anna førde til at gruppeleiar Stig Otto Dyrseth og formannskapsmedlem Oddny Lisbeth Midtbø Rød melde seg ut av partiet.

Senterpartiet er nest største parti med fire mandat.

Arbeiderpartiet hadde ingen i forrige periode, og har no tre representantar i kommunestyret.