Tysdag ettermiddag vart det oppdaga eit vassleidningsbrot mellom Fylling og Skodje sentrum.

– Vi har ikkje funne det enno. Det er under snøen. Vi har fire-fem mann ute og leitar. Dei har med lytteutstyr, seier avdelingsingeniør Magnar Kvalvik i Skodje kommune litt før klokka 14.

Tysdag ettermiddag vart det sendt ut SMS til alle i kommunen. Alle som bur nedanfor vassbrotet bør bruke minst muleg vatn til feilen er retta, seier Kvalvik. Dette gjeld Skodje sentrum, Valle og Håhjem.

Kor lang tid det kan ta før dei finn feilen tør han ikkje spå om.

– Vi set fullt trykk på dette. Og når vi først finn feilen, er det fort gjort, seier Kvalvik.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no